Onarheim Vassverk SA

Noverande styret:

John Martin Dale, leiar
Torbjørn Meland, nestleiar
Vermund Onarheim, styremedlem
Bjørn Magne Haugland, styremedlem
Per Arnt Vattedal, styremedlem

Magne Storesætre, varamedlem

Ragnhild Storesætre, revisor
Anne Britt Onarheim, revisor

Regnskap: Bjørn Inge Sætre

Valnemnd:

Torbjørn Onarheim
Kåre Haugland
Arne Høgestøl

 

Årsmelding for 2016

Styret 2016

John Martin Dale leiar
Torbjørn Meland nestleiar
Per Arnt Vattedal medlem
Bjørn Magne Haugland medlem
Vermund Onarheim medlem
Magne Storesætre varamedlem

Vassverket har hatt 5stk styremøte i 2016. Utanom alle i styret og varamann har vore innkalla.
Me hadde eit brot på hovedvassleidinga ved Meland i april. Me brukar mykje tid på feilsøking på private ledningar.Ved Vikjo nord for Nymark måtte me reparera sjøleidninga i vår p.g.a. hol som var komen av gnaging. Frost skade på Skato og kobling som var hoppa av i Djupavika var andre lekasjer.
Bustadfeltet i Henningshagen vart ferdigstillt i haust.
Reinseannlegget har verka fint og prøvane som vert regelmessig tatt av vatnet er godt innafor krava som mattilsynet set.
Det er lagt asfalt på deler av vegen opp til anlegget i Vattedal.

Onarheim, mars 2017
Styret

Resultatrekneskap 2016

pdf – Rekneskap 2016

Kontaktinfo:

John Martin Dale
E-post: john.martin.dale@haugnett.no
Tlf.: 906 31 234

 

Vedtekter:


Vedtekne på omframt årsmøte den 19.04.2012.

§1 Namn
Føretaket sitt namn er Onarheim Vassverk SA.

§2 Forretningskontor
Føretaket sitt forretningskontor er i Tysnes kommune.

§3 Føremål
Onarheim Vassverk SA er eit allmennyttig samvirkeføretak med avgrensa ansvar og skiftande medlemstal og kapital. Formålet til føretaket er ikkje økonomisk overskot, men å syta for vassforsyting til Onarheim Sokn ved utbygging og drift av vassverk. Føretaket kan samarbeida med andre føretak med liknande føremål om drifta av vassverket, om det skulle vera hensiktsmessig.

§4 Medlemskap

4.1 Generelt
Medlemskap føreset tilknyting av eigedom, oppgitt med gards og bruksnummer, til føretaket sitt nett. Medlemskapen skal lyda på namn og fødselsdato eller føretaksnummer. Ingen personar eller juridiske einingar kan ha fleir enn eitt medlemskap.
Dei som vil verta medlemar i laget må søkja om dette til styret.

4.2 Medlemskontingent
Det skal ikkje betalast medlemskontingent.

4.3 Andelsinnskot
Det skal ikkje betalast andelsinnskot.

4.4 Anleggsbidrag
Ved tilknyting til vassverket sitt forsyningsanlegg for vatn skal det betalast eit anleggsbidrag til dekning av kostnader ved utbygging av vassforsyningsanlegget. Anleggsbidraget vert berekna etter nærare reglar fastsett av årsmøtet. Anleggsbidraget forfell til betaling framføre tilkopling til vassforsyningsanlegget, med mindre styret finn at det er gitt tilfredsstillande garanti for betalinga.
Anleggsbidraget skal ikkje forrentast og ikkje attendebetalast.

4.5 Vilkår for levering av vatn
For levering av vatn skal det betalast ei årleg avgift som vert fastsett av årsmøtet etter framlegg frå styret.
Avgifta for større brukarar vert fastsett av styret.

4.6 Overføring av medlemskap
Medlemskapen er knytt til den faste eigedomen, og fyljer med ved eventuell overdraging.

4.7 Tilgang til medlemane sine eigedomar
Medlemmane er forplikta til vederlagsfritt å gje føretaket rett til å føra vassleidningar over sine eigedomar samt nødvendig tilkomst i samband med anleggsarbeid, reperasjonar og vedlikehald.
Føretaket yter erstatning, fastsett ved semje eller skjønn, for skader som vert påført eigedomen i slike høve.

4.8 Ymse føresegner
Føretaket skal føra vatnet fram med hovudleidning så langt det er økonomisk forsvarleg. Det anlegget som medlemene knyter til hovudleidningen må vera fullgodt lagt og vedlikehalde, slik at det er tett og ikkje skadar laget sin eigedom.
Medlemene kan ikkje gje vatn frå anlegget sitt til andre, korkje mot betaling eller gratis. Laget er utan ansvar om det skulle inntreffa stogg i levering av vatn som fylgje av nødvendig ettersyn og reperasjonar og elles andre tilhøve som laget ikkje er herre over. Medlemen/abonnementen kan i slike høve ikkje krevja avslag i vassavgifta eller erstatning.

§5 Disponering av overskot
Eit eventuelt årsoverskot skal leggjast til eigenkapitalen.

§6 Årsmøte

6.1 Ordinært årsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av juni månad.

6.2 Omframt årsmøte
Omframt årsmøte skal haldast dersom:
Styret finn det naudsynt eller tenleg.
Revisor eller minst ein tidel av medlemene set fram skriftleg krav om slikt møte for å få teke opp eit klart oppgitt emne.
Årsmøtet skal då gjennomførast innan 4 veker etter at kravet er sett fram

6.3 Innkalling til årsmøte
Det skal sendast skriftleg innkalling til årsmøte som skal vera sendt 14 dagar før årsmøtet. Omframt årsmøte skal innkallast på same måte som ordinært årsmøte. Innkallinga skal dessutan oppfylla gjeldande krav fastsett i Lov om samvirkeføretak.

6.4 Opning av årsmøte
Styreleiar, eller den person som styret peikar ut, opnar årsmøtet, tek opp oppgåve over møtande medlemer og leier møtet til møteleiar er vald.

6.5 Oppgåver for ordinært årsmøte
Ordinært årsmøte skal handsama og avgjera desse sakene:
Godkjenne innkalling og sakliste.
Val av møteleiar, referent og 2 medlemer til å skriva under i møteboka.

Godkjenne:
Årsmelding
Revidert rekneskap
Disponering av overskot/dekning av underskot
Innkomne forslag
Driftsbudsjett og fastsetting av avgifter
Val av 2 revisorar og fastsetje godtgjersla for desse.
Fastsetje godtgjersle til styret.
Val av styreleiar.
Val av styremedlemer.
Val av varamedlem.
Val av medlemer til valnemnd.
Fastsetting av instruks for valnemnda.

§7 Leiinga av føretaket
Føretaket vert leia av eit styre. Føretaket skal ikkje ha dagleg leiar.

7.1 Styresamansetnad
Føretaket skal ha eit styre som består av styreleiar og 4 styremedlemer, samt 1 varamedlem. Alle vert valde av årsmøtet.
Årsmøtet vel styreleiar først. Tenestetida for styreleiar er 1 år. Styreleiar kan veljast blant sitjande styremedlemer som ikkje er på val. Tenestetida for styremedlemene er 2 år, fordelt slik at minst to styremedlem er på val kvart år. Styreleiar og varamedlem vert valde for eitt år om gongen. Styret vel nestleiar blant styremedlemene for eitt år om gongen.

7.2 Styreprotokoll
Det skal førast protokoll over styresakene som er handsama. Godkjenning av styreprotokoll i samsvar med §91 i Lov om samvirkeføretak.

7.3 Signatur
Styreleiar og ein styremedlem i fellesskap bind føretaket.

§8 Valnemnd
Føretaket skal ha ei valnemnd på 3 medlemer. Tenestetida for medlem i valnemnda er 3 år, eitt medlem står på val kvart år som vert vald av årsmøtet. Valnemnda konstituerer seg sjølv. Valnemnda gjev si innstilling for styremedlemer til årsmøtet, og sender den skriftlege innstillinga til styret innan innkallinga til årsmøtet skal finna stad.

§9 Endring av vedtektene
Forslag om endring av vedtektene vert handsama etter §54 i samvirkelova.

§10 Oppløysing

10.1Krav til vedtak om oppløysing
Føretaket kan oppløysast gjennom vedtak med fire femdelars fleirtal av dei frammøtte på to etterfølgjande årsmøte.

10.2 Disponering av attverande midlar
Dersom det vert gjort vedtak om å oppløyse føretaket vert all overskytande kapital, etter at all føretaksskyldnad er gjort opp, overført til eit selskap med liknande formål som Onarheim Vassverk SA eller eitt eller fleire allmennyttige føremål i vassverket sitt operasjonsområde, etter vedtak i årsmøte.

§11 Samvirkelova
For forhold som ikkje er nemnd i desse vedtektene, eller der det er rom for tvil, gjeld krava nedfelt i den til ein kvar til ein kvar tid gjeldande «Lov om samvirkeføretak» (Samvirkelova).